Nyheter
Blodsporkurs 1. mai 2024
Norgesmester Linda holder blodsporkurs
Blodsporkurs – nybegynnarkurs
Onsdag 1. mai kl. 11:00 på Skaret, Molde
(forbehold om føreforhold, Aureosen alternativ)
Instruktør er Linda Haugen Haukaas som har lang erfaring med blodspor og ettersøk.
På kurset vil vi lære grunnleggande teori om hundar og spor, m.a. krava til dei ulike spora. Til slutt vil deltakarane prøve dette ved å gå eit kort spor enkeltvis.
Kurslokala er enkle, men nær området vi skal gå i.
Ta med det du og hunden treng for nokre timar ute, og hugs sporsele og sporline.
Ta med mat til hund og førar, vi vil ha kaffe og drikke.
Pris er kr. 800,- for medlemmar i avdelinga og kr. 1.000,- for ikkje-medlemmar.
Påmelding seinast 25. april direkte til: linhau77@hotmail.com. Påmelding er ikkje gyldig før deltakaravgift er betalt inn på klubben sin konto 1503.41.16870. Det er plass til 6 deltakarar, og vi brukar prinsippet først-til-mølla!
NB: Påmeldinga må merkast med Blodsporkurs 1. mai.
Kontaktperson i avdelinga: Ola Betten, ola.betten@hotmail.com, 951 11 767
Hugs, blodspor er som kinderegget;
- Det er moro for føraren
- Hundane elskar å jobbe på spor
- Der er samfunnsnyttig å lære opp ettersøkshundar til jakt og trafikkettersøk
Vi må vere minst 3 deltakarar for å halde kurset – viss ikkje må vi utsette det.
Påmeldingsskjema:
Namn | Medlem NSK | E-post | Tlf.nr |
|
|
|
|
|
|
|
|